Anmeldelse i det nynorske DAG OG TID 25. sep 1997

Amerikanske bilete

Tekst: Morten Valestrand

 

Den private dagboksfotograferinga voks til eit livsverk, og i tjue år har Jacob Holdts bilete satt tommelen i auget på den amerikanske rasismen. Etterkvart som vi sjølve har vorte rasister har det derimot vorte vanskelegare å vise bileta i Europa.

- Vi må erkjenne at vi innerst inne er rasister allihop, ellers kan vi aldri få bukt med problemet, seier Jacob Holdt.

 

At Ku Klux Klan likar Jacob Holdts bilete er eigentleg ikkje så merkeleg, for dei kveikjer berre enno eit kors og seier "kva var det vi sa? Negrar er late, skitne og udugelege".

- Medan dei forkrossa menneskevraka vekker solidaritet i Europa, så reagerar mange amerikanarar med avsky og forferding overfor dei fattige svarte, ska du ha kaffi? seier Jacob Holdt som haika rundt i den amerikanske slummen i fem år med lommekamera og flette i skjegget.

- Amerikanarane anser at dei svartes situasjon til stor del er deira eigen skuld, eit medvitet og privat val. På så vis kan lysbileta vere med på å styrke rasismen.

Difor har Jacob Holdt og hans medarbeidere også møtt motstand når dei har turnert rundt i USA med sitt lysbiletshow. Sjølv om programmet American Pictures har blitt obligatorisk på fleire universitet, så er bileta også forbodne mange stader. Ingen mjølk, takk.

- Ytterst handlar det om amerikansk kontra europeisk menneskesyn, seier Jacob Holdt og påpeiker fort at dette ikkje gjer europearane automatisk til "dei gode".

Vi har klattra opp på kjøkenet i det lille Københavnske huset med dei bratte trappane. Då eg møtte Jacob Holdt for femten år sida budde han midt i sentrum, men han hugsar ikkje meg for på den tida var døra open for alle.

- For eit europeisk publikum frå meir homogene forhold er bileta kanskje mest problematiske, seier han under ei tørka kvist. Han bur med kona og ein son, med biletvev på veggen og keramikkrus i handa.

- Den innbilla avstanden til rasismen gjer at vi syns synd på dei svarte istaden for å granske vår eigen rasisme. I Europa holder vi på å etablere ein underklasse av ikkeeuropeiske innvandrare som blir plaga like mykje av oss som dei svarte har blitt i USA. Dette vil vi helst ikkje bli påmint.

Den europeiske og skandinaviske utviklinga mot tydelegare og meir fysisk rasisme har gjort Jacob Holdts bilder meir aktuelle enn nokon gong før. Samstundes møter hans arbeid hårdare motstand her heime.

- Det var lettare å vise lysbileta i Skandinavia den gongen rasismen var noko långt borte på andre sida av Atlanteren. I dag er det vi sjølve som er rasister, og fotografia har blitt ubehagelege, seier Jacob Holdt som i år fyller femti.

For femten år sida avslutta han alltid foredraga med å invitera alle heim til seg, etter hjerteromprinsippet. Han rekna kaldt med at alle ikkje kom.

Etter eit foredrag i Trondheim tok eg han på ordet, og ein dag banka eg på døra midt i Køpenhavn. Han visa meg kjøleskapet og madrass, men det hugsar han ikkje i dag, for han satte seg til å arbeide etter to minuttar.

- På den tida budde det utruleg mykje folk hos meg. Ein periode budde det elleve marokkanare heime.

Etter to netter takka eg for meg. Eg var sjølv på reportasjetur og måtte vidare og Jacob Holdt kika opp frå haugane med lysbilete og ønska god tur.

Han var skuffa over at lysbiletshowet og boka så ofte blei brukt til rein antiamerikansk propaganda her i Europa, og det var långt ifrå det han ville. I staden byrja han å turnere i USA, og til no har nesten 300 000 amerikanare sett Jacob Holdt og bileta hans.

- Eg elskar amerikanarane, sjølv om rasismen har låst det amerikanske samfunnet fast i eit mønster av hat og frykt. Det same mønsteret som vi etterkvart har adoptert til Europa.

I 1970 måla prestesonen frå Ribe i Danmark sin fars kyrkje full med bibelsitat om nestekjærleik. Deretter fann han det klokast å dra på haiketur til USA, noko som til slutt resulterte i over 15 000 fotografier.

Jacob Holdt var med om både vietnamdemonstrasjonar og indianeropprør, og i åras løp var han innom ikkje mindre enn fire hundre amerikanske heimar.

På bomullsplantasjene i sørstatane (jau, dei finns framleis) levde han saman med plokkarane og opplevde forhold som ikkje ligger slavetida långt etter. Folk var bokstaveleg talt innhegna, budde i plankeskjul og hadde ingen muligheit til å komme seg derifrå. I storbyanes slumoråder møtte han vold, vonlause og sjølvdestruksjon.

Jacob Holdt blei både rana, voldteken og trua til livet, men samstundes fekk han vener, mange vener og mykje kjærleik. Han haika seg bokstaveleg talt ned gjennom det amerikanske samfunnet og rakk å bo hos både Rockefeller, Kennedyfamilien og Ku Klux Klan. Ikkje som medvitne val men som resultata av haikarens kvardag.

- Å innse min eigen rasisme er noko av det vakraste eg har opplevd. Det hjelpte meg til å forstå dei kvite amerikanaranes rasisme.

Jacob Holdt har makta å halde kvar og utvikle ideala frå hippietida, utan at snakket om fred og kjærleik blir patetisk eller banalt. På tross av, eller kanskje på grunn av, at han har budd saman med både barn og vaksne i deira mest bottenlause olukke.

Etter fem år tok reisa slutt og Jacob Holdt fann seg sjølv i eit vegkryss. Å legge alle fotografia i skuffer og skåp for å gløyme dei gjekk ikkje, og på noko vis var han tvungen å kommunisere med omverda om sine opplevingar. 1977 kom boken og lysbiletserien Amerikanske Bilete med sitt første opplag.

Sida den gongen har Jacob Holdt turnera for å skape dialog rundt dei svartes problem. Etterkvart som det europeiske samfunnet har kome i kapp med sin rasisme har bileta fått fornya aktualitet.

Jacob Holdt har besøkt slummen fleire gongar sidan syttitalet og nye fotografi har blitt tekne. I dag er American Pictures ei antirasistisk pakke og eit pedagogisk instrument, utvikla saman med ekspertar på alt frå rasisme til psykologi.

Det som frå byrjan var ei privat førestilling har blitt eit gjennomarbeida program med foredrag, debattverkstader, støttegrupper, CD-rom, video og no også presentation på internett (www.american-pictures.com).

Dei nakne bileta er brutale i sin beskrivning og månge amerikanare misstror det dokumentære. Jacob Holdt har møtt dei som er overbeviste om at bileta hans er produsera i Hollywood.

Også eit heilt svart publikum kan stille seg negative til arbeidet hans då dei ikkje alltid klarar av å møte smerten bileta formidlar. Fotografen sjølv forstår at bileta river opp kjensler, men opplever dei eigentleg ikkje berre som depressive eller hopplause.

- Eg vert alltid litt rysta når folk gråter etter ei visning. Mine år i USA tilhøyrer den beste tida av livet mitt. Ein annan dimensjon er at det alvarlege i arbeidet mitt har gjort det til at eg alltid blir oppfatta som ein gjennomført seriøs person utan humor. Men eigentleg likar eg litt spikk og spøk, seier han og smiler i skjegget.

Vi klatrar litt opp og ned gjennom huset og til slutt finner vi det han leiter atter. Eit lysbord for å legge lybileta på. Han seier tankefullt at selvfølgjeleg kan man kalla biletspelet hans ei demografisk manipulasjon, i og med at han berre nyttjar dei mest deprimera fotografia, "men eg syns ikkje sjølv at dei er arrangera".

- Det kan vel hende at eg flyttar på ein plastdunk eller så (det plar vrimle av dei), men eg er ingen regissør.

Jacob Holdt nektar plent å bli kalla fotograf, då dette skulle innebære at han også er interessera av det tekniske i fotograferinga. Han er lukkeleg så lenge automatikken styr blitzen.

Løyndomen bakom framgången med kameraet er Jacobs evne til å møte menneska på deira eiga premisser, der fotograferinga skal vere eit komplement i kontakten og ikkje noko hinder.

- Mange av dei mest utslåtte likar godt at nokon for ein gongs skuld bryr seg om dei, men det gjeld å ikkje utnytte deira tillit.

På seinare år har Jacob Holdt også fotografera i både Asia og Sør-Amerika for det danske bistandsorganet CARE.

- For meg er kameraet berre eit av fleire kommunikasjonsverktøy. I USA hjelpte kameraet meg å komma i kontakt med menneska, og det blei min måte å skrive dagbok på. Eg hadde aldrig ein tanke på at bileta skulle publiseras.

Det lille pocketkameraet fekk han tilsendt frå faren i Danmark som ville sjå bevis på all denne slummen som Jacob skreiv heim om i sine brev. Bibelorda på kyrkjeveggen var tillgjeve.

Jacob Holdt er oppvekst knappe tre mil frå der den danske dokumentarfotografen Jacob Riis budde hundre år tidlegare. På attenhundretalet reiste Riis til New York og fotografera fattige arbeidarar og innvandrarar.

- Det høyres kanskje merkeleg ut, men eg hadde aldri høyrt tale om Jacob Riis før eg fann ei bok av han i ein bokhandel i San Francisco, seier Jacob Holdt, som ein periode heldt heilt opp med fotograferinga.

Det som frå byrjinga var ein positiv dialog mellom han sjølv, dei han fotografera og eit i ænteressera publikum, heldt på å spore ut. Han blei kontakta av både CIA, KGB og Hollywood, og alle ville bruke American Pictures som anten propaganda eller innkomstkjelde.

Prosjektet var på veg å bli eit reisande mediasirkus og Jacob Holdt byrja kjenne fotograferinga som uærlig og manipulerande. No har det styrt opp seg og forretninga blir tatt hand om av pålitelige folk.

Kor stor rolle Jacob Holdts bilete har spelt i den amerikanske rasismedebatten veit vi ikkje. Sjølv nemner han kjærleiken til medmenneska som den berande, antirasistiske krafta, og då som ei meir pragmatisk enn andeleg kraft.

- Om alle vaksne kunne sjå seg sjølve som reddande englar for barna i vår omgivnad, så er mykje vunne, seier han på kjøkenet i København.

Innerst inne er rasismen ein del av oss sjølve. Alle er vi offer for den kulturelle hjernevaska som lurer djupt inne i oss, at "eigentleg, ja, heilt ærleg altså, så er ikkje negrane eller muslimane eller innvandrarane av same virke som vi". Om vi erkjenner vår eigen rasisme kan vi bli "medvitne antirasistiske rasister".

- Eg trur ikkje at man kan få bort rasistane ved å angripe dei valdeleg, som europeiske antirasister er inne på. Ku Klux Klan og nazistane er eksempel på grupper vi må hjelpe ut or redsla si, men vi må hjelpe dei med kjærleik. Om vi hatar dei så aukar vi berre valdskarusellen.

I den amerikanske kongressen høyres røyster for at presidenten må ge den svarte befolkninga i USA ei offisiell unnskylding, og turneane med American Pict æures har fleire gongar resultert i heite debatter långt opp i den politiske toppetasjen.

Dermed har kameraet fullført oppgava si som kommunikasjonsverktøy, akkurat som fletta i skjegget.

Den har Jacob Holdt bore sida 1971, då Waltdenia Lewis i Chicago skulle flette veninnenes hår, og på gøy erta med at han ikkje torde å gå rundt med ei flette i skjegget ein heil dag.

Det torde han og fletta blei verande, fyrst som ein morosam souvenir, men sida som passerseddel til den amerikanske heimen.

- Folk byrja smile til meg, eller kanskje le av meg, men i alle fall opna dei seg. Utan fletta hadde ikkje Amerikanske Bilete vorte til, seier Jacob Holdt og heller ein ask med usortera lysbilete over eit støvete lysbord.

 

© Morten Valestrand 1997

  Copyright © 2003 AMERICAN PICTURES